søndag 25. august 2013

PRINSESSA PÅ ERTA

Det er berre å innrømme; eg trur eg er litt sart. Ikkje mentalt eller sjelelig, men reint fysisk. Og eg legg skulda på familie, venner og meg sjøl, som alle har vore med og gitt meg "dårlege" vanar.

Eg eig nemleg ikkje uthaldenhet i desse omgivelsane. I dag måtte eg gå ut frå kyrkja midt i gudstenesta, eg vaknar og flyttar rundt i senga om natta, og eg vrir meg og skiftar sittestilling heile tida når eg sit i ein stol.
Årsak: eg er godt vant. Heime er det puter, tepper, pleidd, polstring, vatt, fleece, madrass på madrass osv. Og eg elskar det. Eg elskar å legge mjukt oppå mjukt og så synke ned mellom puter, tepper og dyner. Eg elskar å breie over meg eit mjukt pleidd og legge ei ekstra pute bak ryggen.

Då er det ikkje enkelt å sitte på harde trestolar, eller kyrkjebenkar i timesvis. Heller ikkje å sove natta gjennom på ei madrass som følger kroppen såpass at det neppe er meir enn 2 cm mellom meg og sengebunnen der eg er på mitt tyngste. Sofaputene klarer heller ikkje halde meg på plass i mange timar.

Eit av måla for i år må altså være å bli meir uthaldande. Eg trener på dette det meste av tida, men blir det for mykje for meg så tar eg litt fri frå treninga og går og set meg i kontorstolen min. Den har god polstring den:-)


4 kommentarer:

  1. Så kjekk lesing. Godt å høre hvordan du har det. Hørres veldig spennende ut. Klem Kjersti Anita

    SvarSlett
  2. Kan jo'kke sova i kontorstolen!! Skal vi sende noe??? En overmadrass eller myke pledd eller oppblåsbar madrass eller noe????

    SvarSlett
    Svar
    1. Då når eg jo ikkje målet Gunnhild. Ska jo blir herda og tøff.

      Slett
  3. Så flott at du skriver blogg så jeg kan følge med på livet ditt i Kamerun:) Ønsker deg et flott år og gleder meg til å følge med på det du foretar deg:)

    SvarSlett