Det finnes mange ulike skular her, og det kan godt hende at andre ville ha fortalt meg heilt andre ting, men det meste er nok likt.
Susana og Simplice. Susana er kledd i den fine skoleuniformen sin. |
Bildene i dagens innlegg er alle tatt på "ungdommens dag". Då gjekk alle skuleelevar og studentar i tog. Det gjorde også organisasjonar, foreningar og idrettsklubbar for ungdom. Minna mykje om 17.mai
Her marsjerer nokre av elevane forbi tribuna der me sat. Gutane kom like bak. |
Ein muslimsk variant av skuleuniformen. Friske farge. |
Venneflokken kan tilhøyre forskjellige skular. Det ser me på uniformane. |
Uniformane speiler nok om det er ein dyr privatskule eller om det er ein offentleg skule elevane tilhøyrer. Uniformen er noko av det ein må kjøpe sjølv.
Elevar frå ein internasjonal skule. Ein heller varm variant av skuleuniformen, men kvar fredag får dei kle seg i meir uformelle sportsklede. |
Då eg spurde om det var lov med f.eks. sminke, så lo både Susana og Simplice. Det var nokså utenkeleg forsto eg.
Her er to guttar med korrekt hårklipp og sannsynligvis også korrekt uniform, ut i frå kva skule dei går på.
Då misjonærane starta opp med skular her for lenge sidan, så var det eit slags pionerarbeid. I nyare tid har det offentlege starta opp skular ut over heile landet, og det er svært få som ikkje får gå på skule.
Mange av dei offentlege skulane er svært fulle, men det løyser ein ved at dagen deles i to, og elevane går enten på dagtid eller på ettermiddagstid, for så å bytte etter to veker.