fredag 14. mars 2014

TING TAR TID

Kanskje husker du reklamen med den plettfrie dama som "forventer effektivitet". Det er synd å seie, men den dama hadde ikkje hatt noko her i Ngaoundere å gjere. Eg har mange godord å komme med når det gjeld byen og menneska her, men "effektivitet" er eit ord som kjem nokså langt ned på lista.
For all del, det finnes mange unntak, det gjer det forsåvidt alltid. Likevel er det best å gå ut i frå at ting tar tid. Då kan ein berre bli positivt overraska.

Kvar enkelt arbeidstakar er forsåvidt nett like effektiv som alle andre stader. Systemet derimot, kan ta knekken på ei utålmodig sjel. Hadde eg fått besøk heimanfra av ein med høgt blodtrykk og temperament, så hadde eg ikkje organisert felles utflukt til ein daglegvarebutikk, for å seie det slik.

Det er spesielt ein butikk som utmerkar seg. Der foregår handleturen slik:
Disk 1: Lever inn veska før du går og finn varene.
Disk 2: Varene slås inn i kassen. Du får summen muntlig.
Disk 3: Kvitteringen skrives ut og stemples. Du betaler.
Disk 4: Kvitteringen sjekkes opp mot varene i korga. Plasseres deretter i små plastposar.
Disk 1: Hent veska di.

Andre butikkar har ikkje så mange diskar, men dei har til gjengjeld kulepenn, rutebok, linjal, marg og dobbelsjekk av summen. "Ein kjapp tur i butikken" er rett og slett ikkje eit uttrykk det fell naturleg å bruke her i byen.
Et par variantar av kvitteringar. Begge grundig gjennomarbeida og sjekka. Eg er glad eg ikkje handler inn til ei stor husholdning.  
Det rare er kor raskt eg har klart å tilpasse meg dette. Det er berre å la tankane og blikket vandre, ingen grunn til å stresse. Berre ein gong har eg slete skikkeleg. Marg, linjal, hovudrekning og strek under summen fungerer nemleg ikkje særleg godt kombinert med akutt magetrøbbel.

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar