tirsdag 27. mai 2014

SÅ TØFF DU ER SOM TØR Å KJØRE

Den kommentaren har eg fått fra besøkande nokre ganger dette året. Eg lurer litt på om menn på min alder ville fått samme kommentar, men det er ei heilt anna sak. Kjekt å få skryt uansett.
Trafikken er noko av det som først gjer inntrykk når ein kjem til Ngaoundere, og ein bør kanskje ikkje sette seg bak rattet første dagen dersom ein ikkje har vore her før.
Det skjer så mykje rundt ein heile tida, så om ein i tillegg skal finne ut kor ein skal, blir det heller vanskeleg.

Her ser de eit klipp som illustrerer litt av det eg meiner. Heldigvis og dessverre, har eg jo vidare vinkel med augene, så eg får jo med meg endå meir.


Det skjer noko rundt ein heile tida. Ein kan lett falle for fristelsen til å prøve å få med seg alt. Det går ikkje. Ein må fokusere på si eiga kjøring. At det stadig vekk kjem "mottoar" opp på både høgre og venstre side av ein, det kan ein ikkje fokusere på. Så lenge du sjølv ikkje gjer noko uventa, så har dei på motorsykkel jevnt over god kontroll.
Samtidig har eg høyrt frå sjukehushald at dei, berre på det eine sjukehuset,  gjennomsnittleg får inn 8 skader som skuldast ulykker med "motto", kvar dag. Eg tviler ikkje på at det stemmer. Det er ikkje uten grunn at me her på stasjonen har ein uskreven regel om at at me ikkje får ta motto.

Alle dei som kjører rundt på motorsykkel med vest og nummer på seg, har løyve til å kjøre taxi. Dette er den alminnelige framkomstmåten her i byen.
Det er tett med trafikk og få reglar som blir fulgte. Likevel vil eg ikkje kalle kjøringa her agressiv på nokon måte. Høyrer du tuting er det enten ein sint europear, eller ein kameruner som berre gjer deg oppmerksom på at nå kjører han forbi.

Det er mange hensyn å ta når ein kjører bil her. Fortau finnes ikkje, og vegbanen blir også brukt til frakt av f.eks materialer, madrasser, møbler , sauer osv. Dette skjer oftast ved bruk av ei kjerre, eller at ein held det i fanget eller over hovudet, sittande bak på ein motto.
Å vere fotgjengar her er heller ikkje lett. Det var lenge meir skummelt å krysse gata som fotgjengar, enn å kjøre rundt i tett trafikk.



For venner og kjente heime i Norge, kan eg muligens bli ei pest og ei plage dersom dei byrjar å klage på stygge veier. Eg har prøvd å filme frå turar ut av byen, men kameraet har hoppa slik i handa mi at det ikkje har vore mogleg. Veldig spennande å kjøre på slike veier…ei stund. Deretter er det berre tidkrevande. Men problemer med at folk sovnar bak rattet er nok ikkje-eksisterande på desse veiene.

Til slutt vil eg laste opp ein snutt som viser korleis det ser ut dei første 200 meterane når me kjører ut frå stasjonen. Kanskje enkelte tykkjer det er kjekt å sjå korlei det ser ut i området.


1 kommentar:

  1. Artig å sjå igjen! Ser at rundkøyringa ved Bantaimarkedet har blitt permanent . Før var det ein stor lastebilfelg som låg der, trur eg - ikkje alltid på same plassen og spanande når det var litt mørkt kor den eigentleg var...Sjuåringen vår blei storleg forbausa då han såg eit fotgjengerfelt. Etter å ha stått der lenge, konstaterte han: Men det virke' visst ikkje! Mange gonger falda eg hendene og takka for at køyreturane nok ein gong hadde gått godt. Fortsett å køyre forsiktig!

    SvarSlett