søndag 2. mars 2014

SKULE, DEL 2 - ALT ER IKKJE PERFEKT I NORSK SKULE, MEN...

Eg er utruleg glad for at eg fekk vokse opp i Noreg og gå på skule der.
Når det er sagt, så ser eg mykje positivt i korleis skulen her i Kamerun fungerer også.

Individualismen står nok ikkje så sterkt i skulen her. Det kan ha sine positive sider. Det er ikkje så dumt  å faktisk kunne "marsjere i takt" av og til, og då meiner eg det både bokstavleg og billedleg. Eg har sett veldig mange store, flotte arrangement her, der deltakerane er mange og dei ytre ressursene små. Ein får ikkje til noko slik dersom kvar og ein går i den retning og rytme som passar dei best.
Samtidig er bruken av musikk, dans og drama utbredt, så dei med visse evner eller interesser innanfor desse områda, kan få utfalde seg ein god del.
Dei som marsjerer her er lærarskule-studentar. Trur ikkje eg tar feil om eg påstår at dette aldri kunne skj


Men tanken om å "marsjere i takt" fungerer sjeldan like bra for alle. Svært mykje av undervisninga er basert på det å pugge,  å gjenta,  å skrive av osv. Ein flink elev ser gjerne samanheng og meining i det ein skriv eller  pugger, men ser ein ikkje dette så vil mykje av arbeidet vere meinigslaust og bortkasta.
Ein 7 åring kan gjerne legge sammen store tall, men veit ikkje kva ein tier  eller ein hundrer er.

Matematikk, fransk språk, fransk litteratur, engelsk, sport, historie, geografi og naturfag  er vanlege fag. Naturfag er delt opp i ulike vitskapar.
I tillegg har ein eit fag som heiter "moral education" og eit som heiter "civics". Eg er usikker på skrivemåten for sistnevnte fag, men det var slik "kjeldene" mine sa at det skrives.  "Moral education" handlar om rett og galt, om etiske dilemma osv. Civics er meir ei slags samfunnslære der ein lærer om alt fra god hygiene, godt kosthold, lov og rett i samfunnet osv.

Fysisk avstraffelse er dessverre ikkje uvanleg. Det er lover mot dette, og ein rektor vil sannsynlegvis seie at dette er uakseptabelt, men det skjer likevel.

Skulesystemet her er bygd opp slik at ein går på ein slags førskule året før ein byrjar på skulen. Dei første skuleåra er ein slags grunnskule, og ein får gå vidare til Colège når ein har klart ein slags eksamen. På Colège må ein få godkjent eit år før ein får gå vidare til neste år. Det vil sei at aldersspreiinga er stor både i grunnskulen og på Colège. Nokre bruker veldig mange år på å komme seg gjennom.
Skulepengar kan også vere årsaken til at nokre bruker lengre tid enn andre. Dei fleste går på skule, men det kostar både med skuleuniform, skrivebøker og skrivesaker. Det kan også koste penger å ta ulike testar og mange stader må ein betale skulepengar i tillegg. For enkelte familiar blir det derfor vanskeleg å sende ungane til skulen. Dei fleste som kjem og bankar på døra mi for å selge meg noko er ungdommar som må tene skulepengane sine sjølv.

Norsk skule har sikkert noko å lære av kamerunsk skule, i Norge har me sikkert gått for langt på mange områder. Likevel er eg ikkje i tvil om at den norske skulen er å foretrekke. Norske barn kan nok lett opplevast som meir krevande og med større oppmerksomhetsbehov, men samtidig trur eg nok dei er meir  sjølvstendige i tankar og i handling, dei får lov til å reflektere, diskutere og vurdere og dette gir dei eit godt grunnlag for å passe inn i arbeidslivet i Noreg.

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar