torsdag 13. februar 2014

SKULE - DEL 1 - FRÅ EIN OVERFLATISK SYNSVINKEL

Naturleg nok er eg ganske interessert i korleis skulane er her i Kamerun. Eg spør og observerer, og så har eg spurt Susana i 3. klasse og Simplice, som går siste året på Colége, om dei kunne fortelle meg litt om korleis dei opplever skulen.
Det finnes mange ulike skular her, og det kan godt hende at andre ville ha fortalt meg heilt andre ting, men det meste er nok likt.
Susana og Simplice. Susana er kledd i den fine skoleuniformen sin.
Skulle eg skrive alt eg har fått vite i eit blogginnlegg, så ville nok mange av dykk falt av lasset ganske snart. Derfor har eg valgt å spare alt om sjølve innhaldet i skulen til eit seinare inlegg. Dette innlegget skal derfor berre handle om heller overflatiske ting.
Bildene i dagens innlegg er alle tatt på "ungdommens dag". Då gjekk alle skuleelevar og studentar i tog. Det gjorde også organisasjonar, foreningar og idrettsklubbar for ungdom. Minna mykje om 17.mai
Her marsjerer nokre av elevane forbi tribuna der me sat. Gutane kom like bak. 
I Kamerun bruker alle skuleuniform. Kvar skule har sin farge og sin modell. Det er strenge reglar for korleis uniformen skal sjå, det skal kanskje vere ei lomme på høgre sida, ei bestemt lengde på skjørtet, kantar i ein annan farge osv.
Ein muslimsk variant av skuleuniformen. Friske farge.
Venneflokken kan tilhøyre forskjellige skular. Det ser me på uniformane. 

Uniformane speiler nok om det er ein dyr privatskule eller om det er ein offentleg skule elevane tilhøyrer. Uniformen er noko av det ein må kjøpe sjølv.
Elevar frå ein internasjonal skule. Ein heller varm variant av skuleuniformen, men kvar fredag får dei kle seg i meir uformelle sportsklede.

Uniformen skal vere rein og strøken, men det skal også elevane vere. Neglene skal f.eks vere kortklipte. Håret til guttane skal vere heilt kort, det vil sei max 5 mm omtrent. Jentene skal ha fletta hår.
Då eg spurde om det var lov med f.eks. sminke, så lo både Susana og Simplice. Det var nokså utenkeleg forsto eg.
                        Her er to guttar med korrekt hårklipp og sannsynligvis også korrekt uniform, ut i frå kva skule dei går på. 

Då misjonærane starta opp med skular her for lenge sidan, så var det eit slags pionerarbeid. I nyare tid har det offentlege starta opp skular ut over heile landet, og det er svært få som ikkje får gå på skule.
Mange av dei offentlege skulane er svært fulle, men det løyser ein ved at dagen deles i to, og elevane går enten på dagtid eller på ettermiddagstid, for så å bytte etter to veker.

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar