onsdag 21. august 2013

PÅ PLASS I KAMERUN

Endeleg er eg på plass i Ngaoundere i Kamerun. Ein fantastisk plass er inntrykket mitt til nå. Kontrastane mellom det kaotiske inne i sentrum og det avslappa rolege her inne på stasjonen er store. Eg skal prøve å filme litt frå trafikken i sentrum ein dag og vise korleis det fungerer på veiene her. Du skal vere bra vågal om du set deg bak rattet første dag i byen.

Dersom eg skulle bu inne i sentrum trur eg det ville vore ein vel stor overgang fra rolige "Bakarøynå" i Haugesund. Må innrømme at det er godt å kunne få roe litt ned her inne på stasjonsområdet der det er  store grønne områder og lite trafikk.

Samtidig er det ikkje heilt stille her heller. Like på andre sida av muren ligg det ein bar, og me får med oss mykje musikk utover natta. Innimellom høyrer me bønnerop frå minareten i moskeen, eller kyrjeklokker frå ei av kyrkjene. I tillegg er det eit fugleliv som til og med kan få meg til å legge meg tidleg om kvelden. Utruleg mykje kvitring grytidleg på morgonkvisten, og ein av dei høyrtes helst ut som ein slags alarm. Tar vel ikkje mange dagane før eg søv over det heile.
Her bur eg. Halvparten av ein tomannsbolig. Gitter foran vinduer og myggnett foran både vinduer og dører. Fin plass. 

Må vel innrømme at sola har falma møblene litt meir enn kva som kjem fram her på bildet, men eg er nøgd med stova mi eg. 

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar