lørdag 3. mai 2014

HIPP HURRA FOR 1.MAI

Eg har aldri hatt noko spesielt forhold til 1.mai. Eg trur det er ganske vanleg for slike som meg; oppvaksen på landsbygda med foreldre frå bonde og fiskarslekt. Eg har aldri feira dagen tidlegare, men det var før eg kom til Kamerun.

Eg har forstått at det er enkelte dagar som er mykje større her enn heime i Norge. Dette gjeld spesielt  8.mars og 1.mai. Berre datoane er jo nok til å få enkelte i Norge til å sjå rødt. Slik er det ikkje her. Her opplevde eg 1.mai mest som ei feiring av arbeidet og av arbeiderane og at ein var stolt og glad over å kunne vere med.
Eg og Chantal er klare for feiring. 
"Uniformen" til dette firmaet forsterkar vel mitt inntrykk av; festdag meir enn kampdag.
Det kan vere mange nyansar her som eg ikkje har fått med meg, eg kan berre skrive om korleis eg opplevde dagen.
Kvifor dagen har ei slik form har eg fundert ein del på. Her burde jo vere meir enn nok å demonstrere for og imot. Svært mange er jo utan arbeid, og dei som har arbeid manglar ofte ordningar som sikrar dei  f.eks ved alderdom eller sjukdom. Er du likevel så heldig å ha arbeid i ei litt større bedrift, så har du eit sterkt stillingsvern har eg blitt fortalt. Rettsvesenet har henta mykje frå det franske systemet. Dette er igjen noko eg har blitt fortalt, så for all del; ikkje bruk meg som kjelde om du skal skrive "fakta om Kamerun".

Litt andre trafikkreglar, men bare for i dag. 
Her på stasjonen møttes alle ansatte om morgonen og hadde litt kaffi og brød saman før me kjørte til festplassen i byen. Vanlegvis har arbeiderane blitt sponsa med ei T-skjorte, men i år blei det litt ekstra sponsing frå fleire, så det blei "uniformar" i stoff med påtrykt NMS-logo.

Etter ein del venting på festplassen, så fekk me marsjere (defilere) forbi alt fintfolket på tribunene, og alle andre som hadde samla seg for å sjå. Eg hadde planar om å ta ein kikk opp mot tribuna og kanskje vinke til kjente, men eg skjøna raskt at det ikkje var eit alternativ. Strenge millitære og politifolk vinka oss inn på dei oppteikna linjene og viste oss tydeleg korleis me skulle strekke ut armar og bein for å marsjere skikkeleg. Eg må innrømme at eg blei litt fnisete, men eg marsjerte prikkfritt.
Her har vi stilt opp og er klare til å marsjere. 

Då marsjeringa var over reiste me tilbake til stasjonen i samla flokk. Dei fleste ansatte hadde hatt litt dugnad på plassen nokre dagar før, for på den måten å tjene pengar til middag. I tillegg hadde, som vanleg, nokre av hushjelpene hatt ein lang ekstradugnad dagen før, og laga all maten. Vi avslutta altså dagen her på arbeidsplassen med eit stort og godt måltid og i tillegg hadde eg tatt bilder av dei aller fleste ansatte og viste desse på storskjerm. Fantastisk å få vise noko slik for folk som ikkje har blitt så blaserte at dei knapt orkar å trekke på smilebandet. Her sto stemninga i taket.
Her er nesten heile gjengen samla. Flotte kollegaer. 

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar