søndag 3. november 2013

SJØLVSAGT GÅR ME PÅ RESTAURANT HER OG

Men det er ikkje nødvendigvis heilt det same som å gå ut i Haugesund.
Godt er nå det eigentleg, det hadde vore kjedeleg om alt var som det er heime.
Det er fullt mulig å få kvite dukar, vinglas og menyar her og dersom det er ønskeleg.
Eg har hatt nokre søndagsmiddagar på ein restaurant med libanesiske eigerar og dermed litt midtøsteninspiret mat. Det er ein slik fin restaurant med kvite dukar, men det finnes ikkje så mange restaurantar av den typen.

Restaurantbesøket me hadde tidlegare denne veka var av ein heilt annan sort, og det var eit besøk som festar seg i minnet på ein litt annan måte.
Me var 10 av type hukjønn som skulle ut og ete. Me ville ha fisk, og ba ei av dei lokale jentene som var med om å finne ein stad for oss.
Staden hu tok oss med kjem ikkje inn under definisjonen:" kvite dukar og vinglas."
Her var det ikkje drikkeglas å få i det heile, heller ikkje noko meny som kunne forvirre oss. Her fekk me enkelt og greit ei stort fat kvar. På fatet var det ein grilla fisk, nokre steikte bananer, løk og litt "dip".
Bestikk blei ikkje delt ut, maten skulle etast med hendene. Me fekk vaskevannsfat som me kunne vaska hendene i, noko som ikkje minst var greit etter måltidet.
Måltidet var aldeles nydeleg. Perfekt grilla fisk som smakte svært godt og akkurat passe med tilbehør.

Og så var det noko med stemninga eg likte. Mange restaranteigerar eg har sett har vore så opptatt av å jage vekk tiggerar slik at gjestene ikkje skal bli forstyrra. Her såg eg at eigaren snakka fint til gutane som kom og ville ha noko, gutane forvann for ein stund, men då me var mette, var det denne gjengen med guttungar som fekk ete seg mette av restene. Det er slik som gjer meg glad. Det er så altfor mange som er redde for å gjere noko godt i frykt for at ein kanskje kan bli utnytta seinare.

Kjapt oppsummert kan eg seie at eg stortrivs både med å ete på fin restaurant med dukar, glas og bestikk, og med å ete nygrilla fisk med hendene, men det er jo ikkje tilfeldig når det er sistnevnte besøk eg vel å blogge om.

Enkel, men svært god servering. 

2 kommentarer:

  1. Og det er sistnevnte du kommer til å huske... Jeg husker fra den gangen jeg var i Kamerun at vi ble oppfordret til ikke å spise opp - fordi barna i huset eller tiggere fikk restene. Vanvittig tanke for oss - som både var oppdratt til ikke å spise andres mat og til faktisk å spise opp det man får på tallerkenen. Men en tankevekker definitivt. Tør man spørre om prisene på restaurant? Og får man kjøpt vin? Hjemmelaget, eller "skikkelig"?

    SvarSlett
  2. Prisene er vel fra ca 20 kroner til 70 kroner for søndagsbuffet. Blir ikke ruinert akkurat. Fisken tror jeg at jeg betalte ca 40 kroner for, og det var med brus. Vin kan man få kjøpt både på restauranter og i butikker, men på denne restauranten var det nok helst øl.

    SvarSlett