fredag 6. september 2013

SOMMARFUGLMASSAKREN

Ein av butikkane på "kjøpesenteret mitt" (trappa mi) sel bilete som fasinerer meg og gjer meg litt uvel på same tid.

Bileta er nemlig laga av vingene på sommarfuglar. Klarer ikkje fri meg frå tanken på alle dei vakre sommarfuglane som måtte ofre seg for at eg skulle kunne kjøpe bilete. 

Fasinasjonen var uansett sterkare enn ubehaget eg kjende, så to bilete ligg for øyeblikket  i eit skap og vil vel sannsynligvis uansett bli øydelagde i bagasjen når eg skal heim.

Ser du godt etter så ser du enkeltvingene som ligg tett i tett:


Eg måtte be kollegaen min om å spørre korleis selgaren fekk tak i sommarfuglane. Han fortalte at han først legg ei banan under eit teppe. Dette vil tiltrekke seg mykje sommarfuglar som kjem og set seg på teppet.  Deretter kler han seg i beskyttelsesdress og maske, og så gassar han dei. Må ha gått med ein del her, så eg får verkeleg ikkje håpe at dei er utrydningstruga. 

1 kommentar:

  1. Jeg kjøpte tre da jeg var i Kamerun. ELSKER DEM! Enig i moralske dilemma - men ...bildene er jammen fine.... :D

    SvarSlett