tirsdag 7. januar 2014

...OG SÅ BLIR DET EIN SKETSJ OM JESU FØDSEL...

Sketsj er vel kanskje ikkje rette ordet, tenkte eg, uvitande som eg var, då kveldens program vart annonsert.
I løpet av førjulstida og sjølve jula har eg fått med meg ikkje mindre enn tre sketsjar med juleevangeliet som utgangspunkt, og ja, nå kaller eg det sketsj eg og.
Eg har strengt tatt ikkje fått med meg så mange julespel i Noreg, men det eg har sett har vore nokså søtt og ganske så seriøst. I tillegg har eg vel nesten berre sett barn opptre.
Her har eg derimot fått sett ungdommar og vaksne opptre med ei speleglede som smitta over på alle  rundt.
Innhaldet  i juleforteljinga vart ikkje endra, men ein kan vel seie at tolkningane var såpass frie at enkelte "gode nordmenn" nok kunne fått kaffien i vrangstrupa.
"Dameforeningen" vektla ein nokså lang og hard fødsel, i tilegg fekk det skrikande eselet ei nokså sentral rolle.

Det var lydane, ikkje kostymet, som overbeviste oss om at dette var eselet.

På college var det utan tvil gjeterane som styrte showet. Då engelen viste seg for dei vart f.eks ein av dei liggande med spasmer i kroppen i fleire minutt. Dei klarte dessutan å få lagt inn ein dans, opptil fleire barnevennlige fall og litt småknuffing.

I landsbyen der eg feira jul, var det soldatane til Herodes som showa mest. Litt spesielt at desse som skulle ut og drepe småbarn var dei mest underhaldande, men eg lo nå med.

Eg har dessverre ikkje så mange bilete frå desse sketsjane. Kamera mitt trivs best på nært hald i i flott sollys. Eg vil uansett anbefale alle som får sjansen til å feire jul i Kamerun om å få med seg eit julespel eller to.

Maria og Josef i "kvinneforeningen" sitt julespel.



Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar