fredag 27. september 2013

HAR KJØPT MEG HØGE HÆLAR OG "BLING BLING"


Før eg reiste fra Norge så måtte eg ta ein del valg i forhold til kva klær, sko og anna tilbehør eg skulle ta med. Eit av valga eg meinte var lett var kva sko eg skulle ta med, men det var før eg visste betre.
Som eg rekna med så er det her ytterst få stader der det er asfalt. For det meste er det hardpakka jord som blir glatt når det regnar og støver når det er tørt. Når premissene er slik så tar ei fornuftig, nordisk kvinne med seg flate, solide sko, ikkje høge hælar.

Men så var altså sko som skulle bli det som først fekk meg til å føle meg utanfor. Hudfargen gløymer eg lett, går jo ikkje rundt med speil. Klærne mine skil seg forsåvidt ut fra det majoriteten brukar, men det er fleire som kler seg omtrent som meg. Sko derimot, der skil eg meg ut.

Ikkje sånn i det daglege. I kvardagen skor meg omtrent som dei fleste andre. Men søndagen, i kyrkja, der skal det være hælar. Ikkje berre tynne, høge, stiletthælar, sjølv om ein finn det og. Nei, der er hælar i alle slags variantar, tynne, tjukke, høge, lave, kile...du finn dei alle.

Det er skoa eg har hengt meg mest opp i, men her finn du og hairextension og tånegler  i alle regnbogens fargar. Øyredobbar som matchar klærne, stoff som glinsar og fargar som viser godt igjen. Eg kosar meg stort når eg kan sitte og studere folk i smug. Nokre vil kanskje meine at det ikkje er det ein skal drive med under gudstenesta, men eg forstår jo ikkje fransk likevel så då er de først og fremst augene som får sitt.

Enden på visa har blitt at eg har gått til innkjøp av svarte pumps med ein litt høg gullfarga hæl. Dei var brukte, og eg kjøpte dei på gata. Gler meg stort til å spankulere rundt i dei. Nå er med i gjengen.



Lite sko og "Bling bling" på desse bileta, men de får i alle fall eit inntrykk av fargane. Skal ta fleire bilete av folk når eg kan kan språket betre og kan forklare dei kvifor eg vil fotografere

1 kommentar:

  1. Gratulera med nye sko og bursdagen din! Kjekt å lese bloggen. Den er herlig beskrivende om kjøpesenter på trappa og andre situasjoner. Høres ut som om du har funnet deg til rette. Bursdagsklem fra Kjersti og resten på Tu

    SvarSlett