Det er viktig å verne hovudet mot sola, seier alle. Og kva er vel betre, når det regnar og er grått ute, enn å leite fram ein solhatt til meir solrike dagar. Har sett på bilete av Karen Blixen og på Meryl Streep i "Mitt Afrika", og dette er det næraste eg kom. Nå vil kanskje fleire innvende at det nok finnes eit større og betre utvalg av hattar i Kamerun enn i skuffene heime, men shopping står ikkje først på lista over gjeremål når eg kjem fram.
Ingen kommentarer:
Legg inn en kommentar